Forslag frå klinikkane i Helse Møre og Romsdal:

Har klart å kutte for 63 millionar kroner

Ei liste med sparetiltak for 63 millionar kroner er lagt fram, men det trengst kutt for ytterlegare 22 millionar kroner før Helse Møre og Romsdal har nådd sparekravet.

ORIENTERING: 25. september vil styret i Helse Møre og Romsdal, her representert ved styreleder Ingve Theodorsen (t.v), få orientering om sparetiltaka. Til høgre og konstituert adm.dir Nils Kvernmo.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Leiinga i Helse Møre og Romsdal har fredag diskutert forslaga til omstillingstiltak med føretakstillitsvalte. Framleis står det igjen nokre tiltak før føretaket er i mål med årsverkreduksjonen, melder helseføretaket.

– Det har vore eit stort oppdrag med kort tidsfrist, og klinikkane har hatt ulike måtar å løyse oppgåva på. Nokre har basert tiltaka på betre utjamning av variasjon, medan andre har til dømes lagt til grunn eit dugnadsprinsipp. Det har vore arbeidd veldig godt på alle nivå for å finne tiltak, og eg har tru på at vi skal finne løysingar, seier konstituert adm. dir. Nils Kvernmo og understrekar at god økonomi er ein av føresetnadane for å kunne gi god pasientbehandling.

Naturleg avgang og kutt i vikariat

Helse Møre og Romsdal skal etter krav frå styret kutte tilsvarande 130 årsverk. Dette utgjer rundt 85 millionar kroner på årsbasis.


Vil kutte tilsvarande 130 årsverk

Helse Møre og Romsdal vil kutte tilsvarande 130 årsverk for å spare penger.


Tiltaka som no er foreslått utgjer til saman om lag 63 millionar kroner i heilårseffekt, og helseføretaket arbeider vidare for å finne nye tiltak som får ned utgiftene.

Ifølgje meldinga frå helseføretaktet har klinikkar og stab i hovudsak meldt inn mange mindre tiltak som betyr ei omfordeling og effektivisering av arbeidsoppgåver og tilpassing av bemanning.

Det handlar til dømes om avvikling av vikariat, reduksjon av innleige i vakante stillingar og naturleg avgang ved at tilsette sluttar. Føretaket har arbeidd for å unngå oppseiingar.

Her er tiltaka som er foreslått:

Klinikk for diagnostikk:

Klinikken har totalt 348,4 årsverk og skal redusere tilsvarande 7,3 årsverk.

Auka aktivitet, blant anna innan radiologi i Ålesund og Volda. Auke effektiviteten på brukstid på apparat som måler beintettleik.

Klinikk for drift og eigedom:

Klinikken har totalt 275,6 årsverk og skal kutte tilsvarande 4,5 årsverk.

Ein planlegg å ta ned del av ei stilling i logistikk og forsyning i Volda og ei stilling i kjøkken/kantine i Kristiansund.

Det er også inngått ny postavtale som gir ei innsparing på over 1 million kroner årleg.

Også på andre område vil avtalar med ulike leverandørar bli gjennomgått for om mogleg å kutte ytterlegare.

Klinikk for medisin og rehabilitering:

Klinikken har totalt 815,4 årsverk og skal redusere tilsvarande 20,5 årsverk.

Klinikken har eit høgt volum på tiltak fordelt på alle fire sjukehus. Eit av forslaga er ein reduksjon av 0,9 årsverk knytt til hjarterehabiliteringa i Ålesund, der ein planlegg å ha tilbodet på same nivå som St. Olavs hospital og andre sjukehus.


Dramatiske kutt i helseforetaket skaper furore:

Har fått beskjed om at halve avdelinga skal vekk: – Føles som et slag i ansiktet

Ansatte ved hjerterehabiliteringen i Ålesund har fått beskjed om at omtrent halvparten av de ansatte skal kuttes. Ingen vet hvem som må gå.


Ein har også tiltak på mellom anna endring i tenesteplan og reduksjon i utvida teneste/arbeidstid for legar, i tillegg til reduksjon av overtid og lønn i samband med felles sengepost for medisin og kirurgi i Kristiansund.

Nokre av tiltaka er ikkje endeleg avklart, men klinikken er nesten i mål.

Klinikk for psykisk helse og rus

Klinikken har totalt 776,5 årsverk og skal redusere kostnader tilsvarande 18,1 årsverk. Klinikken er ikkje heilt i mål med tiltaka.

Mange enkelttiltak. Ein stor del blir tatt i sentrale stab- og støttefunksjonar.

Det er lagt opp til ein reduksjon i kostnader på DPS Knausen og DPS Nordlandet. Bakgrunnen for dette er å utjamne variasjon i liggetid i fylket.

Sjukehuspsykiatrien har eit krav om å redusere med om lag seks årsverk. To årsverk blir redusert på Hjelset og fire årsverk i Ålesund.

Klinikk for kirurgi

Klinikken har 527,1 årsverk og skal redusere tilsvarande 28,3 årsverk. Klinikken er ikkje i mål.

Per i dag har klinikken skissert ni tiltak, mellom anna er det lagt til grunn at ein skal samanlikne faktorar som liggetid og beleggsprosent ved dei ulike sjukehusa for å jamne ut forskjellar. Samanslåing av sengepostar i Kristiansund skal bidra til å redusere lønsutgifter.

I Ålesund og Molde er det starta opp eit arbeid for å redusere talet på senger, men tiltaket er ikkje klart i omfang og er ikkje kostnadsberekna. Klinikken gjer også endring i tenesteplan og reduksjon i utvida teneste/arbeidstid for legar.

Klinikk for akuttbehandling

Klinikken har totalt 911,2 årsverk og skal redusere tilsvarande 31,4 årsverk.Klinikken er ikkje i mål med tiltaka.

I arbeidet med tiltak har klinikken i hovudsak sett på variasjonar i aktivitet knytt til ressursbruk.

Klinikken arbeider til dømes med å auke aktiviteten på operasjonsstovene, og der det er venta størst effekt i Ålesund.

Klinikken har lagt inn ein kostnadsreduksjon innan prehospitale tenester, akuttmottak og intensiv i Molde og intensiv i Kristiansund.

I tillegg er det planlagt å ta ned eit årsverk på ambulanseflyet og 1,5 årsverk anestesilegeressurs Kristiansund og 0,5 legeressurs i Volda.

Klinikk for kvinner, barn og ungdom

Klinikken har totalt 435,1 årsverk og skal redusere kostnader tilsvarande 13,5 årsverk. Klinikken er ikkje heilt i mål.

Ein har søkt å skjerme psykisk helsevern i størst mogleg grad, i tråd med den gyldne regel.

Tiltaka som er foreslått har ulikt omfang og er jamt fordelt i fylket. Til saman har ein tiltak for 9,3 årsverk. I tillegg vil andre tiltak gi redusert kostnad og auka inntekter i klinikken.

Sentral stab

Staben har totalt 125,7 årsverk og skal redusere kostnader tilsvarande 6,4 årsverk.

I samband med innføringsprosjektet av Helseplattformen i Helse Møre og Romsdal, vil staben avsjå ressursar til prosjektet som bidrag til å redusere talet på årsverk.

Kravet om reduksjon av kostnader er fordelt mellom økonomi, HR og fag og ein er i mål med tiltaka.

Prosess og tidsplan

Tiltak som no ligg klar er drøfta med føretakstillitsvalde fredag, før adm. dir. tek ei avgjerd i neste veke.

Klinikkar som ikkje er i mål har frist til neste veke.

Styret blir orientert om arbeidet i møtet den 25. september.