Senterpartiet får fylkesordføraren i Vestland

Jon Askeland frå Senterpartiet blir ny fylkesordførar i Vestland. Han vil byggje det nye Vestland med eit sterkt politisk sentrum.

Fylkestoppen: Jon Askeland frå Senterpartiet blir fylkesordførar i Vestland, medan Natalia Golis frå MDG blir varaordførar i det nye fylket.   Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nyheter

Senterpartiet får fylkesordføraren i Vestland, med Kristeleg Folkeparti, Miljøpartiet De Grønne, Arbeidarpartiet, Venstre og SV i ryggen. Natalia Golis frå MDG blir fylkesvaraordførar.

Det er dermed med ei brei politisk forankring samarbeidspartia no tar fatt på bygginga av det nye fylket, heiter det i ei pressemelding frå Senterpartiet.

– Vårt store felles prosjekt er å byggje det nye fylket til det beste for alle innbyggjarane. Det har vore den gjennomgåande målsetjinga når vi har arbeidd fram den nye politiske plattforma med samarbeidspartia, seier Jon Askeland, som blir Vestland sin aller første fylkesordførar.

By og land

Forhandlingsleiar for Vestland Senterparti, Sigurd Reksnes frå Nordfjordeid, seier at tydeleg leiarskap er eit viktige punkt for at det politiske prosjektet skal lukkast.

– Det er heilt avgjerande for prosjektet Vestland at vi har ein samlande, pragmatisk og raus fylkesordførar som kjenner heile fylket, og vil jobbe for både by og land, seier Reksnes.

Askeland seier at dei ønskjer å gjenopplive sentrum som ei eiga retning i norsk politikk , og samarbeidet som no er inngått har eit solid rotfeste i eit sterkt sentrum.

Han seier Senterpartiet har fått med mykje god Sp-politikk i plattformen, mellom anna om desentralisering, skulestruktur, rassikring, næringsliv idrett og kultur.

Vestland Senterparti får 10 representantar inn i det nye fylkestinget.

Får fleirtal med 38 av 65 mandat

Dei seks partia som skal samarbeide er Arbeidarpartiet (14 mandat), Senterpartiet (10 mandat), Miljøpartiet Dei Grøne (5 mandat), Sosialistisk Venstreparti (4 mandat), Kristeleg Folkeparti (3 mandat) og Venstre (2 mandat).

Totalt har dei 38 av 65 mandat, 5 fleire enn nødvendig for å ha fleirtal, ifølgje ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

I den underskrivne avtalen er det berre dei to toppverva som er fordelt på person. Leiar og nestleiar av dei fire hovudutvala er fordelt på parti og det blir opp til kvart enkelt parti å fordele på person:

Arbeidarpartiet skal leie tre hovudutval: Opplæring og kompetanse, samferdsel og mobilitet, og kultur, idrett og integrering. SV får nestleiaren i dei to første, mens Venstre får nestleiaren i hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Det fjerde hovudutvalet, for næring, naturressursar og innovasjon, skal leiast av Kristeleg Folkeparti, mens Senterpartiet får nestleiaren.

Fylkesutvalet

I fylkesutvalet får dei seks partia fleirtal med 10 av 17 plassar. Dei blir slik fordelt: A: 4, Sp: 2, MDG: 1, SV: 1, KrF: 1 og V: 1.

Det nye Vestland fylkesting møter for første gong i Bergen 15. og 16. oktober til konstituering.

Måndag vert det klart kven som kjem inn i det første Vestland fylkesting, men fordelinga av dei 65 mandata er slik:

Arbeidarpartiet 14 mandat

Høgre 12 mandat

Senterpartiet 10 mandat.

Folkeaksjonen Nei til mer bompenger 6 mandat.

Framstegspartiet 6 mandat.

Miljøpartiet De Grønne 5 mandat

Sosialistisk Venstreparti 4 mandat.

Kristeleg Folkeparti 3 mandat.

Venstre 2 mandat

Raudt 2 mandat

Pensjonistpartiet 1 mandat.