Stengjer vegen mellom Geiranger og Langvatn

Dei fleste av oss køyrer med sommardekk, men i høgfjellet er det no vinterforhold. Vegvesenet ser seg nøydde til å ta ta grep.

Krevjande forhold: Det er snø ned til 800 meter over havet i Geiranger. Dalsnibba (bildet) er dekt av nysnø.  Foto: Maria Dahl Wattø

Nyheter

Statens vegvesen stenger fv. 63 mellom Geiranger og Langvatn frå klokka 2100 i kveld. Høgste punkt på vegen er over 1000 meter og det er meldt mykje nedbør som kan kome som snø.


Varsom.no:

Stor fare for flaum og jordskred på Nordvestlandet

Det kan kome opp til 100 millimeter nedbør i løpet av eit døgn.


– Trafikantane køyrer på sommardekk og det er framleis mange turistar som køyrer til og frå Geiranger, fortel byggeleiar Kåre Berge i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det manglar dessutan mobildekning på deler av strekninga.

– Tryggleiken til dei som køyrer på vegen kjem alltid fyrst og difor vel vi å nattestengde vegen, fortel byggeleiar Kåre Berge i Statens vegvesen.

Det blir vurdert om vegen kan opnast igjen klokka 08 laurdag morgon. Om snøen legg seg på vegen før klokka 21 i kveld, kan han bli stengt på kort varsel.


Kjøligere vær i vente:

– Snø over 1.000 meter

Skal du over Strynefjellet i helga kan det være lurt å legge om til vinterdekk. Værmeldinga melder snø i vente.