Båt var i ferd med å slite seg i vinden

Ein båt var laurdag kveld i ferd med å slite seg frå fortøyning i Vegsund.
Nyheter

Det melder politiet i Møre og Romsdal like etter klokka 21 laurdag kveld.

Båten, ein Saga 29, skal ifølgje politiet ligge ved Vegsund brygge.

Eigar har fått beskjed.

Politiet melde først at det var ein seglbåt, men dette stemmer ikkje.