Vestland fylkesting:

Bjørlo blei Venstre-topp i Vestland

Alfred Bjørlo fekk så mange personstemmer i fylkestingsvalet at han rykka opp frå fjerdeplass til topplassen for Venstre i fylkestinget.
Nyheter

Kontrollteljinga etter valet er ferdig, og kandidatane som kom inn i det nye Vestland fylkesting er klare, ifølgje ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Sjå lista med 65 representantar under her.

For å gjere endringar i personrekkefølgja krevst det at minst åtte prosent av veljarane har gjort det same. Dei fleste representantane er komne inn i den rekkefølgja dei vart nominert, men veljarane har klart å endre rekkefølgja i tre parti.

Alfred Bjørlo frå Nordfjordeid og Stad kommune fekk 1611 personstemmer og tok over 1.-plassen på lista til Venstre. Toppkandidaten Gunhild Berge Stang, Fjaler, vart flytta frå 1. til 2.-plass, men skal saman med Bjørlo representere Venstre i fylkestinget.

Geir Kjell Andersland frå Bergen fall frå 2. til 3.-plass på Venstre-lista og er ute av fylkestinget, sidan Venstre fekk inn berre to representantar.


Alfred Bjørlo ordførar i Stad

Venstre får dermed den første ordføraren i den nye kommunen. Siri Sandvik frå Arbeidarpartiet vert vara.


Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling frå Senterpartiet, gjorde også eit godt val. Ho fekk 4037 personstemmer og rykker opp frå 3. til 2.-plass på Sp-lista.

På bompengelista rykker Trym Aafløy opp frå 3. til 1 plass med 3670 personstemmer.

Søviknes mest populær

Fylkespolitikar og ordførar i Os, Terje Søviknes, er den meste populære politikaren i det nye fylkestinget med heile 7447 personstemmer.

Også fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (A), er populær med 6482 personstemmer. Den nye fylkesordføraren, Jon Askeland (Sp) fekk 4713 personstemmer.

Frammøtet i valet var på 63,7 prosent.


Senterpartiet får fylkesordføraren i Vestland

Jon Askeland frå Senterpartiet blir ny fylkesordførar i Vestland. Han vil byggje det nye Vestland med eit sterkt politisk sentrum.


Desse kom inn i det nye Vestland fylkesting

Arbeidarpartiet 14 mandat

1 Anne Gine Hestetun

2 Arve Helle

3 Jannicke Bergesen Clarke

4 Emil Gadolin

5 Karianne Torvanger

6 Stian Jean Opedal Davies

7 Kine Bratli Dale

8 Torbjørn Vereide

9 Nina Bognøy

10 Rasmus Laupsa Rasmussen

11 Linda Monsen Merkesdal

12 Per Jarle Valvatne

13 Senea Sabanovic

14 Kjell Gitton Håland


Høgre 12 mandat

1 Silja Ekeland Bjørkly

2 Noralv Distad

3 Svein Kolbein Halleraker

4 Dan Stian Femoen

5 Hanne Eva Husebø Kristensen

6 John Andre Kongsvik

7 June Vibecke Knudtsen Indrevik

8 Jana Midelfart Hoff

9 Sonja Merethe Øvre-Flo

10 Karl Vågstøl

11 Lise-May Sæle

12 Gunnar Moland


Senterpartiet 10 mandat

1 Jon Askeland

2 Jenny Ellaug Følling

3 Aleksander Øren Heen

4 Sigrid Brattabø Handegard

5 Hilde Horpen

6 Alexander Fosse Andersen

7 Sigurd Erlend Reksnes

8 Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim

9 Gunn Åmdal Mongstad

10 Lars Fjeldstad


Folkeaksjonen Nei til mer bompenger 6 mandat

1 Trym H. Aafløy

2 Knut Inge Andersen

3 Morten Klementsen

4 Odd Erik Lind

5 Nils Haugland

6 Hege N. Dale


Framstegspartiet 6 mandat:

1 Terje Søviknes

2 Sigbjørn Framnes

3 Helge Stormoen

4 Rosalind Fosse

5 Frank Willy Pedersen Djuvik

6 Bjarte Vatnøy


Miljøpartiet Dei Grøne 5 mandat:

1 Natalia Antonia Golis

2 Mark Taylor

3 Pauline Tomren

4 Mona Høgli

5 Øyvind Strømmen


SV – Sosialistisk Venstreparti 4 mandat

1 Marthe Hammer

2 Åsmund Berthelsen

3 Symphorien Pombe

4 Marianne Sæhle


Kristeleg Folkeparti 3 mandat

1 Trude Brosvik

2 Tor André Ljosland

3 Kristina Vaktskjold Hamre


Venstre 2 mandat

1 Alfred Bjørlo

2 Gunhild Berge Stang


Raudt 2 mandat

1 Jeanette Onarheim Syversen

2 Terje Kollbotn


Pensjonistpartiet 1 mandat

1 Kurt Johnny Hæggernæs