Tre nye millionærar i nordvest

To menn frå Sunnmøre og ei kvinne frå Nordfjord kan glede seg over milliongevinstar i Lotto laurdag.

Ringerunde: Norsk Tipping ringer rundt til dei heldige vinnarane laurdag kveld.  Foto: Sverre Houmb, Norsk Tipping.

Nyheter

Norsk Tipping trekte laurdag ut 35 ekstra personar som vann ein million kroner kvar.

Ein mann frå Sula og ein frå Volda er blant vinnarane. Det same er ei kvinne frå Selje.

Norsk Tipping har snakka med voldingen, som hadde sett sendinga på TV og fått med seg at ein frå Volda hadde vunne.

– Då kan du kanskje tenke deg kvifor vi ringer, spurde stemma frå Hamar.

– Er det meg? Bevare meg vel. Dette kom overraskande på. Eg har spelt Lotto i ny og ne, men ein trur aldri at ein skal vinne.

Han veit ikkje kva pengane skal brukast til, men seier han kanskje skal kjøpe seg seglbåt.

Ein 41-åring frå Sula blei heilt mållaus, men kom seg raskt etter telefonen frå Norsk Tipping:

– Dette er jo sånn ein aldri trur skal skje, og det passa veldig godt, sa den fornøgde mannen som ville ta seg noko godt å drikke etter telefonsamtalen.

Då Norsk Tipping fekk kontakt med vinnaren frå Selje, høyrde dei god stemning i bakgrunnen. Ho feira nemleg sine 40 år.

Det blei endå høgare jubel og kvinna fekk latterkrampe og lo gjennom heile samtalen.

– Dette var jammen litt av ei bursdagsgåve. Eg har 20 gjester, så no trur eg det er rett tidspunkt å sprette sjampanjen, sa den glade jubilanten.