Fleire evakuert på grunn av flaum i Olden

Nyheter

Vest politidistrikt opplyser klokka 22.15 at dei har fått melding om at fleire elver har gått over sine bredder i Olden i Stryn på fylkesveg 60.

– Brannvesenet er på staden. Vegen vert stengt mellom Oldeelva og Simaelva. Brannvesen og politi har starta evakuering, sto det i første melding.

Ifølgje NTB kan det vere snakk om eit titalls personar. Dei melder også at Røde Kors er kalt ut med båt.

– Kjem ned gjennom eit bustadfelt

– Folk får ikkje reise ut frå sentrum av Olden. Dei har sperra brua i Olden sentrum. Vi sit og ser bort på Skarstein der ei elv har gått over sine breidder, og den kjem ned gjennom eit bustadfelt. Vi ser at det renn vatn nedover gangvegen, og det er opptil fleire bilar med blålys, seier Bjarte Haugen i Olden til Sunnmørsposten klokka 22.38.

STENGT BRU: Statens vegvesen har stengt vegen i Olden.  Foto: Bjarte Haugen



Haugen fortel at det er ein del bustader i feltet. Skarstein er ikkje langt frå Olden sentrum.

Fleire personar evakuert

Klokka 23.15 opplyste operasjonssentralen at 14 personar var evakuert frå bustader. I tillegg kom evakuerte frå Nesset camping.

– Det er ingen skadde personar vi har fått melding om, og vi har heller ikkje fått melding om skade på hus, men det er mykje vatn som kjem nedover fjellsida, seier operasjonsleiar Per Algerøy til Sunnmørsposten klokka 23.17.

Operasjonsleiaren fortel at dei fraktar dei evakuerte til ein kafé i Olden sentrum.

– Det er litt vanskeleg å seie kor direkte trua bustadene er, så vi evakuerar no førebyggande. Men vatnet går tett ved sida av nokre hus.

Politiet har fått melding om at vatn renn gjennom fleire hagar.

Algerøy seier til Sunnmørsposten at det kan bli aktuelt å evakuere fleire.

Lokalavisa Fjordingen skriv klokka 23.35 at talet på evakuerte auka til 24 etter at Nesset camping vart evakuert seint søndag kveld.

  Foto: Bjarte Haugen



Fylkesveg 60 er stengt mellom Oldeelva og Simaelva. Det same er fylkesveg 724 mellom Olden og Briksdalen, fylkesveg 723 ved Lodalen og fylkesveg 722 mellom Storesundet og Flo.

Ifølgje Bjarte Haugen har naudetatane stengt av ei bru i Olden sentrum.  Foto: GOOGLE MAPS

– Det er førebels ikkje tatt ei avgjerd på kor mange som må evakuerast, men det er 40 bustader i området som angivelig kan bli råka av flaum, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Per Algerøy, til Dagbladet.