Fly til Vigra måtte snu tilbake til Oslo

Like før landing på Vigra søndag kveld måtte eit fly snu tilbake til Oslo.
Nyheter

Det bles kraftig søndag kveld, og dette fekk konsekvensar for passasjerane på eit SAS-fly på veg frå Oslo til Ålesund.

Christian Holstad Lilleng var passasjer på flyet, og han fortel at det allereie var ein time forseinka frå Oslo. Like før landing på Vigra, var det klart at flyet måtte snu.

– Det måtte snu og vende tilbake til Oslo fordi dei ikkje våga å lande med dette flyet. Det skumpa ein del da dei prøvde å lande, men det var ikkje noko skummelt, fortel han til Sunnmørsposten.

Freja Liljedahl på SAS presseavdeling stadfestar at vêret førte til at flyet snudde. Ho fortel at det bles kraftig og var turbulens.

– Dei gjorde eit forsøk på å lande, men var tvungne til å vende tilbake straks på grunn av kraftig vind, seier ho.

Det var 86 passasjerar om bord i flyet. Det blir ikkje gjort noko forsøk på ny flytur søndag kveld.

Passasjerane blir innlosjert på hotell søndag og reiser til Vigra måndag.

Ifølgje oversikta frå Avinor har fleire andre fly landa på Vigra søndag kveld.