Mista kontroll og køyrde utfor vegen

Ein bil har køyrt utfor vegen like ved Garneskrysset i Ulstein søndag kveld.
Nyheter

Politiet melder om eit trafikkuhell på fylkesveg 61 i Ulstein søndag kveld. Uhellet skal ha skjedd like ved Garneskrysset.

Ifølgje Twitter-meldinga har bilføraren mista kontrollen og køyrd ut av vegen, men det skal ikkje ha ført til verken personskade eller materiell skade.

Føraren blir likevel meld for brot på vegtrafikklova §3 som inneber at alle skal ferdast «hensynsfullt og være aktpågivende og varsom» når dei ferdast i trafikken.