Sesongens første skitur

Laurdag tok dei dette bildet i Sunnmørsalpane.

Frå området med den beste skikøyringa på 1400 meter. Marius Gamlem.   Foto: Andreas Strand Helland

 

Dei gjekk frå Rødsetstølen og vestover inn Tverrdalen.

Nyheter

Helgas ruskevêr gav nysnø i høgda, og laurdag var det meldt opphald. Marius Gamlem og Andreas Strand Helland ville derfor prøve seg på Nordre Smørskredtind (1606 meter). Fri Flyt skreiv om det først.

Dei gjekk frå Rødsetstølen og til fots innover Tverrdalen. På rundt 800 moh møtte dei nysnøen.

– Det var ein slitetur, med mykje bering av ski på sekken, seier Marius Gamlem (bildet). Snøen var stort sett knehøg, til tider lårdjup.

Nedatt vart det overraskande mykje skikøyring, fortel dei.

Eigentleg hadde dei tenkt seg heilt til topps. Men tett tåke og vindkast gjorde at dei gav dei seg før dei skulle krysse breen.

– Skikøyringa frå 1450 moh. og ned til 1200 moh. var overraskande bra, med tørr og luggefri snø, seier dei til Fri Flyt, som har video og fleire bilde frå turen. Vidare nedover mot 1100 meter var det visst greitt at det var gamle ski dei hadde med seg.