Stryn sommerski vil erstatte diesel med vasskraft

Dei bruker 22.000 liter diesel ekskludert preppemaskinar årleg. Det er ikkje noko Stryn sommerskisenter ønsker å halde fram med.

LANG HISTORIE: Skisenteret på Stryn har historie tilbake til 1960-tallet.   Foto: Øystein Søbye / NN / Samfoto / NTB scanpix

Nyheter

– I tillegg til at dieselen er ein stor utgiftspost for oss, gir det ein bismak med utsleppa både frå å få den frakta heilt opp hit og å bruke den. Vi ønsker ikkje å vere miljøsvin, men å jobbe for fellesskapet mot ein grønare kvardag.

Det seier dagleg leiar Nina Lensebakken til Teknisk Ukeblad.


Sesongane vert stadig kortare

Stryn sommerski fryktar for framtida


Forskar tok initiativ

Forskaren bak prosjektet, Hanne Kauko ved Sintef Energi, fortel til Teknisk Ukeblad at ho eigentleg jobba med termisk energi, ikkje vasskraft. Men, ho såg ein mogelegheit for å gjere noko med dieselaggregata.

– I utgangspunktet grunna idéen min i idealisme, men det viste seg fort at det var velvilje hos alle partar til å finne ei betre løysing, seier ho.

Saman med Oddbjørn Bruland og Tor Haakon Bakken frå NTNU, har ho vurdert ulike alternativ. Dei har landa på at å forsyne skisenteret med straum frå eit nytt, mindre vasskraftverk er betre enn både solkraft og å trekke ny kraftlinje.

Det vil gi best forsyningssikkerheit og minst inngrep i naturen.

Verna vassdrag

Planen er å plassere eit småkraftverk i Videdøla. Dette er eit varig verna vassdrag, og det er eit strengt regime for elvekraftverk.

I konsekvensutgreiinga har Stryn kommune kome fram til at miljøgevinsten av vasskraft her, er mykje større enn ulempene.

Stortinget vedtok i 2005 at det kan opnast for konsesjonsbehandling av kraftverk med installert effekt opp til 1 MW i verna vassdrag. Det aktuelle småkraftverket skal ha maks 1 MW effekt.


No har NVE bestemt seg om nytt kraftverk i Standalen

Grunneigarar og kraftselskap som ønska kraftverk i Nøvedalselva i Standalen, har fått avslag frå NVE.