< Ventar oftare og kraftigare flaumar - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Fekk sjå flaumskadane på nært hald:

Ventar oftare og kraftigare flaumar

Førebygging av elvar og vassdrag blir svært viktig i åra framover. For flaumane vil både bli større - og kome oftare. Det trur ordførar Sven Flo i Stryn.

Inspiserer: Ordførar Sven Flo såg måndag føremiddag nærare på skadane som flaumvatnet har gjort i Olden.   Foto: Terje Engås

Nyheter

Han var måndag føremiddag i Olden for å sjå nærare på flaumvatnet sine herjingar. Søndag kveld og natt var det ikkje stort dei kunne sjå, og det viktigaste var å få folk i tryggheit – både frå bustadhus og campingplassar.