Lykkeleg slutt for Ap og Sp etter rotete veke:

– Alle skal ha æra og skulda

Måndag kveld vart endeleg kampen om fylkesmakta avgjort. På tide, meinte dei involverte partia, som gjerne skulle ha vore den siste veka forutan.

ENDELEG I MÅL: Kristin Sørheim (Sp) var letta og glad då seks parti vart einige om ein valteknisk avtale for dei neste fire åra. Dei neste vekene skal dei også kome fram til ei politisk plattform.   Foto: Johan Behrentz

Nyheter

– Det tek seg ikkje bra ut for veljarane slik vi har halde på. Det har vore mykje fram og tilbake. Det har vore ulogiske avtalar mellom parti som ikkje har noko felles. No har vi heldigvis fått ei solid løysing med eit sterkt sentrum, seier Kristin Sørheim.