Ulsteinvik: Brann i sentrum

Nyheter

Naudetatane har rykka ut til ein brann i Bjørndalvegen i Ulsteinvik, melder Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter klokka 11.55 torsdag føremiddag. Det skal vere observert opne flammar inne i bygget.

Politiet opplyser klokka 11.59 at det skal vere snakk om «gamle Filadelfia». Det skal ikkje vere fare for spreiing til andre bygningar, melder politiet.

Ifølgje Vikebladet Vestposten er det bruktbutikken Sarepta som held til i bygget i dag.

Kjetil Iversen på 110-sentralen fortel til Sunnmørsposten at det ikkje skal vere folk inne i brannlokala, etter det han kjenner til.

– Vi har fått melding om at brannmannskapa på staden meir eller mindre har kontroll no, seier Iversen 12.05.

Ifølge 110-sentralen er det for tidleg å seie noko om skadeomfang og årsak til brannen.

– Det var ein forbipasserande som såg brannen og varsla oss. Vi fekk melding klokka 11.51, seier Iversen.

Klokka 12.07 melder 110-sentralen på Twitter at brannen er under kontroll, og at restverdiredning har blitt rekvirert frå Ålesund.