Volda: Pipebrann sløkt på Lauvstad

Nyheter

Oppdatert: Klokka 08.08 melder 110-sentralen at brannen var grunna litt ulming i bek i toppen av pipa. Brannen er no sløkt, og eigarane av huset har fått fyringsforbod i påvente av feiar.

Møre og Romsdal 110-sentral melde på Twitter klokka 07.41 om ein pipebrann på Lauvstad i Volda. Volda brannvesen er på veg til staden, melder 110-sentralen.