Marknaden har blitt mykje betre for både ankerhandteringsfartøy og PSVar, men:

– Fleire fartøy må skrapast

I sitt foredrag under offshorekonferansen i Fosnavåg slo marknadsanalytikar Jesper Skodje Skjong fast at offshoreflåten må reduserast om ein skal klare å kome seg opp på meir ønskjelege ratar.

Reduksjon: Jesper Skodje Skjong er klar på at det er for mange fartøy i offshorebransjen i dag. Han meiner at det må skje ei reduksjon i dette talet om ein skal få opp ratane. Når alt dette er sagt, marknaden har blitt mykje betre, poengterer han.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik/Vestlandsnytt

Nyheter

Vestlandsnytt: Torsdag 19. september samla over 90 deltakarar seg i reiarrommet på Thon Hotel Fosnavåg for å diskutere og drøfte statusen for bransjen. Mannen som fekk æra av å opne ballet, med sine analysar av dagens marknad, var Jesper Skodje Skjong, marknadsanalytikar for Fearnley Offshore Supply AS.