Fortvila bensinstasjonseigar i Hornindal:

– Kom reint vatn ut av bensinpumpene

Kjetil Grodås ved First Stop Grodås er fortvila. Søndag ringte kundar og fortalde at bilane hadde stoppa kort tid etter fylling av bensin.

Vatn i tankane: Ein utett pakning på hovudluka til bensintanken nede i bakken gjorde at det kom inn vatn. Kjetil Grodås ved YX i Hornindal seier situasjonen er fortvilande, men håpar problemet er løyst i løpet av kort tid.  Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Nyheter

(Fjordingen): Det viste seg at stasjonen hadde fått vatn i drivstofftanken nede i bakken. – Dette skulle ikkje vere mulig, men har skjedd likevel. Situasjonen er fortvilande, ikkje minst for kundane, seier Kjetil Grodås som er eigar av YX-stasjonen i Hornindal.