Volda sjukehus:

Ambulansepersonell sterkt bekymra for pasientane

Lokale fagfolk er kritiske til at Volda kan miste traumeberedskap. Dei fryktar at dei vil vert tvinga til å sette liv og helse til pasientane på spel.

Appell: Roar Gjerde (t.v.) og Svein Godager, oppmodar styret i Helse Møre og Romsdal sterkt til å bevare traumefunksjonen i Volda. Dette av omsyn til sterkt skadde pasientar.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

– Kva skal vi gjere dersom ein pasient treng akutt behandling? Skal vi køyre forbi Volda sjukehus, sjølv om vi veit at der er folk med naudsynt kompetanse?