Innbrot hos Skodje trialklubb:

Frastolen syklar til over 100.000 kroner

Tomt: Svært få syklar igjen i lagringsboda til Skodje Trailklubb  Foto: Privat

Nyheter

I ei pressemelding melder Skodje trialklubb at dei har vore utsette for innbrot. Minst tre syklar til ein samla verdi av over 100.000 kroner skal vere stolne. Ein av dei ein splitter ny sykkel som klubben kjøpte for midlar dei fekk frå Sparebanken Møre i sommar, og to som tilhøyrer private utøvarar.

– Det er eit smerteleg tap for klubben, og påverkar den aktiviteten og treninga vi har for dei yngste i klubben vår, skriv klubben i pressemeldinga. Vidare ber dei folk som har sett eller høyrt noko om å kontakte politiet. Dette gjeld òg om ein får tilbod om å kjøpe ein heilt ny trial sykkel av merket GasGas junior 80cc som manglar noko vesentleg utstyr.


Syklar: Dette er type sykkel som er borte:, en splitter ny GasGas 80, junior. Kjøpt i sommer med midler fra Sparebanken Møre; og enda ikke rukket å få påmontert alt sikkerhetsutstyr og bli brukt til opplæring. Ny pris mellom 50-60.000.-   Foto: Tilsendt

Operasjonsleiar Borge Amdam ved Møre og Romsdal politidistrikt fortel til Sunnmørsposten at saka no er under etterforsking.

– Vi har vore på staden og gjennomført ei åstadsundersøking, og saka er no til vidare etterforsking, fortel han og legg til at dei enno ikkje har fått inn tips i saka.

– Om nokon har sett eller høyrt noko vil vi gjerne at dei tek kontakt med oss, seier han.