Nordmøre:

Mann funnen i sjøen, stadfesta omkomen

Politiet melde fredag kveld at ein mann var funnen i sjøen ved Halsa på Nordmøre.
Nyheter

Det var klokka 22.45 at politiet i Møre og Romsdal melde at naudetatane hadde rykka ut, eit redningshelikopter var også rekvirert.

– Ein mann er funnen i sjøen, truleg etter å ha falt ut av eigen båt, heiter det i twittermeldinga frå politiet.

Tilstanden er uklar, det blir jobba med livreddande førstehjelp, melder politiet. Mannen blei tatt hand om av helsepersonell og tatt med i ein ambulanse. Politiet blei igjen på staden og etterforskar saka vidare.

Klokka 00.33 melde politiet at mannen var stadfesta omkomen.

– Det er ingen mistanke om at det har skjedd noko straffbart. Det vil bli obduksjon i saka, og politiet oppretter rutinemessig ei sak. Vi held på med varsling av pårørande, skriv politiet i ei twittermelding.

Ifølgje NRK har dette skjedd i innsjøen Botnavatnet.