Volda: Betongbitar trefte bilar

Nyheter

NRK Møre og Romsdal melder at Volda kommune set i verk tiltak for å fjerne laus betong på fasaden av Ivar Aasen-bygget ved høgskulen i Volda.

Ifølgje kanalen har betongbitar ramla ned og treft parkerte bilar ved bygget.

Det er sett opp sperringar mellombels slik at folk ikkje skal parkere eller gå ved fasaden.