Seksjonsleiarar uroa over kuttforslag

«Som leiarar i Helse Møre og Romsdal ved Volda sjukehus ser vi med sterk uro på forslaget om at det ikkje skal vere traumefunksjon ved Volda sjukehus». 
Nyheter

Slik startar ein uttale til styret i Helse Møre og Romsdal signert ei rekke seksjonsleiarar ved sjukehuset i Volda.

Til grunn ligg tilrådinga frå ei arbeidsgruppe, om at sjukehusa i Volda og Kristiansund ikkje skal vere traumesjukehus.


Anbefaler at Volda skal være akuttsjukehus uten traumefunksjon:

Vil kutte ut traumefunksjon i Volda

Direktør Nils Kvernmo anbefaler at Ålesund og Molde skal ha akuttsjukehus med traumefunksjon, men ikke Volda og Kristiansund.


«Det er godt dokumentert at Volda fyller dei krav som stilles til akuttsjukehus med traumefunksjon i Nasjonal traumeplan. Vi kan ikkje sjå at det er ei fagleg grunngjeving i forslaget som forsvarer den auka transporttida traumepasienten vil få dersom Volda ikkje skal ha traumefunksjon. I henhold til Nasjonal traumeplan har vi den kompetanse og infrastruktur som kreves. Vi kan ikkje godta at livreddande kompetanse i Volda ikkje skal nyttast», heiter det vidare frå seksjonsleiarane.

«Våre tilsette er fagleg oppdaterte og vi har fleire døme på at traumefunksjonen i Volda har hatt avgjerande betydning for pasienten», avsluttar dei.


Volda sjukehus:

Ambulansepersonell sterkt bekymra for pasientane

Lokale fagfolk er kritiske til at Volda kan miste traumeberedskap. Dei fryktar at dei vil vert tvinga til å sette liv og helse til pasientane på spel.



Helsepolitisk talsperson Kjersti Toppe for Senterpartiet:

– Det hjelper ikke å bli frakta til Ålesund om du ikke er i live når du kommer fram

Stortingsrepresentant og helsepolitisk talsperson Kjersti Toppe i Senterpartiet er ikke begeistret for planene om å kutte traumefunksjonen ved Volda sjukehus.



Anbefaler at Volda skal være akuttsjukehus uten traumefunksjon:

Vil kutte ut traumefunksjon i Volda

Direktør Nils Kvernmo anbefaler at Ålesund og Molde skal ha akuttsjukehus med traumefunksjon, men ikke Volda og Kristiansund.