Sykkylvsbedrift får ny fabrikksjef

Pla-Mek i Sykkylven har fått ny fabrikksjef: Bjarne Olav Velle.

Fabrikksjef: Bjarne Olav Velle, ny fabrikksjef hos Pla-Mek.  Foto: Magne Ove Varsi

Nyheter

Velle kjem frå ei stilling som prosjektingeniør hos Ekornes – og har før det også vore fabrikksjef hos Europrofil.

– Eg gler meg til oppgåva i ei bedrift med flinke folk, ein moderne maskinpark og spennande kundar, seier Bjarne Olav Velle i ei pressemelding.

Sprøytestøypebedrifta Pla-Mek har hatt ein solid vekst dei siste åra og tok i bruk ny fabrikk i Sykkylven i 2015. Bedrifta omsette i fjor for 48,1 millionar kroner og fekk eit resultat før skatt på 1,1 millionar kroner. Tala er omtrent identiske med omsetning og resultat året før. Bedrifta har 16 tilsette.

20 maskinar

– Vi har hatt ein betydeleg vekst dei siste åra og har no ein maskinpark med 20 maskinar med ulik storleik og kapasitet. Med stadig fleire produkt av ulik kompleksitet og volum, set det stadig større krav til planlegging og optimalisering av produksjonen. Frå vår side er den nyoppretta stillinga ein divisjon opp for å tilfredsstille framtidas krav og forventningar til oss som leverandør. Bjarne Olav Velle har erfaring og kompetanse som vil vere eit viktig bidrag til utvikling av bedrifta framover, seier salsleiar og medeigar i Pla-Mek, Kai Roger Bjørdal, i pressemeldinga.