Inngjekk forlik og unngår rettssak

  Foto: Arkivfoto: Janne-Marit Myklebust, Møre-Nytt

Nyheter

(Vikebladet.no) Det blir ikkje noko av arbeidsrettssaka mellom Ørsta kommune og tidlegare teknisk sjef, Rolf-Magnus Sundgot frå Ulstein.

Rettssaka var datofesta til november, men no har partane inngått eit forlik.

Det skriv Ørsta kommune på nettsida si.

Sundgot tok permisjon i mai i fjor frå stillinga som teknisk sjef etter intern uro.

Han meinte han hadde rett til å kome tilbake i stillinga etter permisjonen.

Ørsta kommune meinte derimot at han hadde sagt opp stillinga si fordi han tok ut Avtalefesta pensjon i permisjonstida.

Ørsta kommune skriv følgjande på nettsida si: "Vi er einige om å legge bak oss ueinigheita som har vore om at Sundgot har fråtrett stillinga si. Partane er samde om at i tillegg til ordinær AFP (avtalefesta pensjon), får Sundgot servicepensjon fram til han fyller 67 år. Ørsta kommune er glad for at saka har fått ei god løysing for begge partar."

Denne saka blei først publisert på vikebladet.no