Vurderer ulovlege aksjonar mot vindkraft

På Nordøyane er det relativt mange som vurderer sivil motstand. Ei aksjonsgruppe er no stifta.

Vurderer sivil motstand: Mellom 50 og 60 kom til det opne møtet på samfunnshuset på Austnes. Rundt 20 personar gjekk før møtet vart lukka og aksjonsgruppa mot vindkraftverket vart stifta.  Foto: Per Ove Stige

Nyheter

Med som støttespelar var den profilerte vindkraftmotstandaren Torbjørn Lindseth. Han har tidlegare vore aksjonsleiar mot ei vindkraftutbygging i Sørmarkfjellet i Trøndelag. Sist helg tordna han i Namsos kyrkje mot vindkraftutbygging og nemnde spesielt Haramsøya der anleggsmaskinene snart står klare.