Forslag om skatteendringar for vasskrafta

Fryktar stor svikt i inntektene

Øydeleggjande og dramatisk, seier Arne Sandnes (Sp), avtroppande ordførar i kraftkommunen Norddal. Han meiner ca 25 millionar kroner står på spel.

Straum: Kraftlinjene frå Tafjord er godt synlege i landskapet i Norddal.   Foto: Terje Engås

Nyheter

– Norddal kommune har gjeve frå seg store naturressursar til samfunnet. Då er det berre rett og rimeleg at kommunen får desse skatteinntektene, legg Sandnes til.