Herøy: Ber om tips etter overfall

Lensmann: Tor Sæther.   Foto: Knut Arne Aarset (arkiv)

Nyheter

Politiet ber om tips etter at ei kvinne tysdag kveld vart overfallen i Herøy av to menn, melder Vestlandsnytt.

Ifølgje avisa prøvde dei to å drage av ho kleda.

– Hendinga fann stad utandørs. Kvinna sette seg kraftig til motverje, og kom seg fri. Dei to mennene sprang frå staden, og køyrde like etter vekk i ein bil, seier lensmann i Herøy, Sande og Vanylven, Tor Sæther, til avisa.

– Vi ser svært alvorleg på denne saka, som er gitt høg prioritet og no vert etterforska, legg lensmannen til.

Overfallet skal ha skjedd rundt klokka 21.10, ved ei adresse i Flusundvegen på Bergsøya. Politiet seier dei ikkje har signalement på mennene, utover at dei hadde lys hud. Dei veit heller ikkje noko om bilen.

Kvinna er avhøyrd, og vert ifølgje Sæther følgt opp etter opplevinga ho har hatt.