Braut vikeplikta og kolliderte

Ein bilførar er fråteken førarkortet etter ein kollisjon i Ulsteinvik fredag morgon.
Nyheter

Tre bilar var innblanda i eit trafikkuhell i Ulsteinvik fredag morgon. Politiet melder på Twitter at kollisjonen skuldast brot på vikeplikta.

Dei har oppretta sak og teke førarkortet frå han som ikkje heldt vikeplikta.

Det er ikkje meldt om personskade som følgje av kollisjonen.