Mister to stipendiatstillingar

212 millionar til nytt mediebygg

Det nye mediehuset ligg inne med 212 millionar kroner i Statbygg sitt budsjett.

Det nye mediebygget i Volda.  Foto: Link

Nyheter

Høgskulen i Volda arbeider og for å få ei tilleggsløyving på 25 millionar kroner til medieteknisk utstyr.

– Statsbudsjettet seier ikkje noko om at regjeringa vil prioritere dette. Rektor Johann Roppen håper det likevel skal vere muleg å få støtte til nytt medieteknisk utstyr i budsjett for seinare år, og seier at arbeidet for å få politisk støtte til dette vil halde fram, skriv høgskulen i ei pressemelding etter at regjeringa la fram sitt framlegg til Statsbudsjett for 2020.


Slik blir det nye mediebygget

Fleire studio, både for radio, TV og foto - teiknesal for animasjonsstudentane. Ei rekkje arbeids- og undervisningsrom. Og ikkje minst, veggar som kan flyttast etter behov.



Volda får nytt mediebygg til 200 millioner på høgskolen

Høgskulen i Volda (HVO) får et nytt mediebygg til vel 200 millioner kroner. Bygget skal stå klart i 2021.


Totalt får Høgskulen i Volda ei løyving på 376 millionar kroner, ei auke frå 360 mill. kroner i år, som kompenserer for løns- og prisauke. Samstundes blir det kutta ca 1,8 mill. i avbyråkratisering og effektivisering.

Høgskulen er også skuffa over at høgskulen mister to stipendiatstillingar i 2020, fordi to mellombelse stillingar frå åra 2017-2019 ikkje blir forlenga.

– Roppen seier det er heilt feil signal å kutte stipendiatstillingar samtidig som grunnskulelærarutdanningane har vorte gjort femårige og høgskulen dermed står midt oppe i store og krevande endringar der framtidig styrka kompetanse er nødvendig, skriv høgskulen.

Samstundes er det framleis ikkje klart korleis nokre av budsjettpostane, som vidareutdanning av lærarar, blir fordelt mellom utdanningsinstitusjonane i 2020.