Skanska bygger på Hjelset

Helse Møre og Romsdal fekk ingen klagar frå dei andre tilbydarane.

SNR: Tomta på Hjelset der det nye sjukehuset for Romsdal og Nordmøre skal kome.   Foto: Helse Møre og Romsdal

Prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal i SNR.  Foto: Helse Møre og Romsdal

Nyheter

Måndag klokka 12 var det klart at det blir Skanska som bygger sjukehuset for Romsdal og Nordmøre (SNR).

– Eg er særs godt fornøgd med gjennomføringa av konkurransen og er glad for at vi kan invitere Skanska til Hjelset 22. oktober for kontraktsignering, seier prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal i ei pressemelding.

Oppdraget med å bygge akuttsjukehuset på Hjelset er ein totalentreprise med samhandling, og har ein forventa kontraktssum på om lag 2,1 milliardar kroner pluss moms.

SNR vil i tillegg til akuttsjukehuset på Hjelset bestå av eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Sentrale oppgåver i det vidare arbeidet blir å utvikle og optimalisere prosjektet innanfor den økonomiske ramma som er vedteke.

Byggestart for akuttsjukehuset er planlagt hausten 2020 og ein forventar full drift ved sjukehuset 1. halvår 2024.