Stor nynorsk barnebok-kåring

Berre ei Maria Parr-bok på topp 10-liste

Dei beste barnebøkene på nynorsk dei siste 20 åra er kåra. Sunnmøres eigen Maria Parr er på lista – men berre med ei av bøkene sine.

Kan også tale til vaksne: Maria Parr var stemnetalar under Dei nynorske festspela 2019.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad (arkvbilde)

Nyheter

Som ein del av Bokåret 2019 har Nynorsksenteret, Pirion, Framtida.no og Framtidajunior.no tatt initiativ til å kåra dei beste barnebøkene på nynorsk etter 2000. Her finn vi blant anna bøker av sunnmøringane Maria Parr og Solveig Blindheim Bendixen.

Barn og unge frå heile Norge har sendt inn forslag.


Dette er dei nominerte bøkene

Teo i trøbbel: Solveig Blindheim Bendixen

Tonje Glimmerdal: Maria Parr

Eksperimentet: Harald Nortun

Fly, Thea! Fly: Bente Bratlund

Verdas mest forelska par: Rune Belsvik

Motorsykkelmysteriet: Magnhild Bruheim

Ollis: Ingunn Thon

Snillionen: Arnfinn Kolerud

Flukt: Atle Hansen

Happy: Linn T.Sunne


Juryleiarane Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og Liv Astrid Skåre Langnes fortel i ei pressemelding at juryen har arbeidd etter tre prinsipp:

– Eit av prinsippa har vore at boka skal vera gitt ut etter år 2000, boka skal heller ikkje skal vera omsett, men nynorsk originallitteratur. Det tredje prinsippet har vore at kvar forfattar berre kan vera representert med ei bok, seier Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.


Første barnebokforfatter som får Sult-prisen

Prestisjepris til Parr

Barnebokforfatteren Maria Parr fra Vanylven har fått Sultprisen for 2018 fra Gyldendals legat.


– Når me først skal kåre dei beste bøkene innan nynorsk barnelitteratur er det heilt sikkert nokon som vil tenkje det er rart at me til dømes berre har med ei av bøkene til Maria Parr. Likevel har vi valt å halda på prinsippet om ei bok per forfattar, seier Liv Astrid Skåre Langnes.

Ho jobbar på nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.

Troels Poesselt, Janne Karin Støylen og Trond Strand har òg vore med i juryen.


Dei nynorske festspela finn stad i Ørsta og Volda frå 13. til 16. juni:

Maria Parr får ei uvant rolle under Dei nynorske festspela