Lastebil køyrde av vegen

Sjåføren vart sendt til sjukehus med luftambulanse.

Stryn: Ulykka skjedde i Stryn kommune, like ved grensa til Hornindal kommune (som vert ein del av Volda frå 2020).  Foto: Thomas Taule

Nyheter

(FJORDINGEN:) Vest politidistrikt melder at ein lastebil har køyrt av vegen på Maursetvegen. Naudetatar frå både Stryn og Hornindal rykka ut til staden.

Lastebilen med hengar lasta med sand ligg på sida i grøfta. Ifølge politiet på staden skal bilen ha kome utanfor asfaltkanten og velta i møte med motgåande bil. Sjåføren var åleine i bilen.

– Føraren av lastebilen er frakta med luftambulanse til Førde med smerter i nakke og rygg, seier Eirik Krossen ved lensmannskontoret til Fjordingen sin journalist på staden.

Siste Tweet: Politiet melder følgjande på Twitter: «Vi avslutter på stedet. Fører, en mann i 40-årene, fraktet til Førde Sjukehus med luftambulanse. Ukjent skadeomfang, men var bevisst og oppegående. Ulykken skjedd på kommunal sidevei. Blir stengt til lastebilen er berget. Vi oppretter sak.»  Foto: Thomas Taule



Utforkøyringa skal ha skjedd ved ein sideveg til Maursetvegen, om lag ein kilometer frå Ullsheim i Stryn kommune.

Denne saka vart først publisert av Fjordingen