E39 i Volda:

Ny runde med tunnelstenging

Frå førstkomande søndag blir Rotsethorntunnelen på E39 i Volda stengd på kveld og natt i to veker framover.

Opprusting: Rotsethorntunnelen får kollonnekøyring i to nye veker frå søndag av. Arkiv  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Siste vekene har Rotsethorntunnelen vore open for fri ferdsel, etter fleire månader med nattestenging. Frå søndag 13. oktober er det igjen planlagt arbeid på kveld og natt, i to veker framover.

– Vi seier oss leie for at det no blir ein ny periode med kolonnekøyring til faste tidspunkt på kveld og natt. Vi forstår at det er ei ekstrabelastning, og derfor har vi forsøkt å unngå dette så langt som mogleg dei siste vekene. No ser vi derimot at det er nødvendig med ein ny periode med færre kolonnar for å sikre god framdrift og samtidig sikre arbeidstilhøva til dei som skal jobbe i tunnelen, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Arbeidet vil starte og slutte som tidlegare, med fri ferdsel mellom klokka 07.00 og 19.00 på kvardagane og etter klokka 07.00 på laurdagar. Søndagar startar arbeidet opp klokka 21.00.

Det er i hovudsak arbeid på kabelbru i taket over vegbana som no skal utførast.

– For å kome oss til her må vi opp med lift som står i vegbana, og som heile tida må flyttast på når det er trafikk gjennom tunnelen. Med kolonnar til faste tidspunkt blir det mindre avbrot i arbeidet, og ei betre framdrift vil redusere talet på netter med stengd tunnel. I tillegg må vi ta omsyn til sikkerheita til dei som jobbar og dei som ferdast i tunnelen. Det er den viktigaste prioriteringa, seier Stavseng.