17 for fort i 60-sone

Ein bilførar mista førarkortet og 16 andre fekk forenkla førelegg i ein fartskontroll torsdag.
Nyheter

Politiet var ute med fartsmålar i 60-sona på Vardal i Ørsta torsdag.

17 bilførarar var for harde på gassen. Ein av dei køyrde så fort at han mista førarkortet.

Vedkomande køyrde i 87 km/t i 60-sona.

Også på riksveg 15 på Bryggja i Vågsøy har det vore fartskontroll torsdag.

Ifølgje Fjordenes Tidende delte UP ut 16 forenkla førelegg etter fartskontrollen som var i ei 50-sone.

Høgste målte fart var 71 km/t.