Hornindal skisenter:

Oppgradert til sesongstart

Hornindal skisenter går sesongstarten i møte med større varmestove, større kjøkken, oppgradert skiutleige og ny trakkemaskin. – Vi byggjer for framtida, seier styreleiaren.

Klare til sesongstart: Styreleiar for Hornindal skisenter, Randi Langlo og styremedlem Inge Olsen på synfaring av varmestova som er under påbygging. Her med prosjektleiar for HS Bygg, Åsgeir Tomasgard.  Foto: Roger Oldeide

Hornindal skisenter ønskjer å vere førstevalet i nye Volda

RANDI LANGLO – STYRELEIAR
Nyheter

Fjordingen: – Vi er i rute og skal vere ferdig til snøen kjem, seier prosjektleiar i hovudentreprenøren HS-Bygg, Åsgeir Tomasgard. Han anslår fire veker med arbeid står att før skisenteret kan opne dørene til det som blir ei større og oppgradert varmestove og kjøkken, samt større skiutleige med nytt og oppgradert skiutstyr.