Fem utan bilbelte

Til saman sju bilførarar måtte punge ut for diverse manglar under ein trafikkontroll på Stranda måndag.
Nyheter

Politiet og Statens vegvesen hadde måndag trafikkontroll i Storgata på Stranda.

167 bilførarar blei kontrollerte.

Fem av bilførarane fekk gebyr fordi dei ikkje brukte bilbelte, ein mangla førarkort og ein bilførar fekk forenkla førelegg for sota ruter på bilen.