Krev at høgskulestyret behandlar klagen frå Rotevatn

Klaga: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn klaga på styrevedtaket om omplassering frå dekanjobben. Høgskulestyret ville ikkje behandle klagen, men det må dei no, krev Kunnskapsdepartementet. ARKIVFOTO: MARIUS ROSBACH 

Nyheter

Kunnskapsdepartementet krev at styret ved Høgskulen i Volda behandlar klagen frå Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, etter at ho i august vart omplassert frå jobben som dekan ved Avdeling for mediefag. Det skriv Medier 24.

Klagen vart sendt departementet etter at høgskulestyret ikkje ville behandle den, men i eit brev frå departementet heiter det at Rotevatn har klagerett etter forvaltningslova, krav på å få behandla klagen i styret, at ho må få høve til å gje ein uttale i behandlinga av klagen og også legge fram klagen for styret.

Etter omplasseringa fekk Rotevatn arbeidsplass i den sentrale leiinga ved høgskulen. Dosent Odd Ragnar Hunnes vart samstundes konstituert som dekan ved Avdeling for mediefag.


Krev å få att dekan-jobben

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn klagar på omplasseringa ved Høgskulen i Volda. Ser det som ei oppseiing.





Tidlegare dekan ved Avdeling for mediefag:

– Oppfatta arbeidsmiljøet som heilt OK

Arbeidsmiljøundersøkinga i 2015 viste eit normalt arbeidsmiljø ved Avdeling for mediefag. Tre år seinare scora avdelinga dårlegare på nesten alle område.



Uroa på Høgskulen

Rotevatn: Arbeidsmiljøet har vore for dårleg over mange år

I eit skriv til dei tilsette lovar dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn «å gjere alt for at vi kan lukkast i lag».