< Tilrår Fjord-rådhus i Valldal - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Tilrår Fjord-rådhus i Valldal

Administrasjonen for nye Fjord kommune bør halde til i Valldal. Det er tilrådinga til Karl André Birkhol, rådmann i Norddal og påtroppande administrasjonssjef i Fjord.

Rådhus: Det må investerast for fleire millionar kroner om rådhuset i Stordal skal bli rådhus for Fjord kommune, åtvarar kommunalsjef Karl André Birkhol. (Arkivfoto)  Foto: Terje Engås

Nyheter

Då kommunane Norddal og Stordal vedtok å gå saman til Fjord kommune, skreiv dei under ein intensjonsavtale som sa at Valldal skulle vere administrasjonsstad, medan teknisk etat, næringskontor, legekontor og helsestasjon skal lokaliserast i Stordal.