Tilbake som redaktør i Øy-Blikk

Redaktør: Rolf Hansen er ny redaktør i Øy-Blikk.  Foto: Øy-Blikk (arkivfoto)

Nyheter

Rolf Hansen (46) er tilsett som ny redaktør i avisa Øy-Blikk i Giske kommune. Hansen, som starta i jobben 1. oktober, tar over etter at Øyvind Snorre Magelssen Godø slutta i august i år.

Hansen har også tidlegare vore tilknytt avisa: Frå hausten 2015 og ut 2016 som journalist, og i 2017 som redaktør.

Rolf Hansen er opphavleg frå Skien, men har budd på Ellingsøya sidan 1998. Han har brei erfaring frå kommunikasjon og media.


Robin Røkke ny eigar av Øy-Blikk:

– Dei gjer ein utruleg bra jobb