Kraftskatteutvalet vil mellom anna avvikle ordningane med konsesjonskraft og konsesjonsavgift

– Vil råke M & R svært hardt om det blir vedtatt

- Dette har vi ikkje tenkt å finne oss i, seier fylkesordførar Tove Lise Torve, ordførar i Fjord, Eva Hove og ordførar i Rauma, Yvonne Wold. Trioen vil gjere felles sak og kjempe mot framlegga til Kraftskatteutvalet.

Gjer felles sak: F.v.; Fylkesordførar Tove Lise Torve, ordførar i Rauma, Yvonne Wold og ordførar i Fjord, Eva Hove varslar at dei vil kjempe saman mot framlegga frå Kraftskatteutvalet.  

Nyheter

Ein rapport frå Kraftskatteutvalet, der dei går inn for å avvikle spesialordningane som gir kommunar direkte skatteinntekter frå vasskraft, har skapt sterke reaksjonar.

Utvalet tilrår å avvikle ordningane med konsesjonskraft og konsesjonsavgift. I tillegg meiner utvalet at eigedomsskatten for vasskraftverk bør normaliserast. I dag går inntektene frå desse ordningane direkte til kommunane.


Sp krever klart svar fra Solberg om kraftmilliarder

Kommuner over hele landet frykter å miste kjærkomne kraftinntekter. Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum krever at statsministeren fjerner usikkerheten.


Vil kjempe mot framlegga

I ei pressemelding laurdag gjer fylkesordførar Tove Lise Torve, ordførar i Fjord, Eva Hove og ordførar i Rauma, Yvonne Wold det klart at dei saman vil kjempe mot framlegga til utvalet.

– Møre og Romsdal vil bli svært hardt råka dersom utvalet sine tilrådingar vert vedtekne. I vårt fylke er det mange kommunar som har store inntekter frå konsesjonsavgifter og konsesjonsstraum. Vert Kraftskatteutvalet sine tilrådingar vedtatt, vil fylkeskommunen, og ikkje minst ei rekkje primærkommunar som Sunndal, Rauma, Fjord, Ørsta og nye Molde bli fråtekne millionar av kroner kvart einaste år. Med Kraftskatteutvalet sine framlegg vil distrikta sine pengar bli overført til sentrale og meir folketette område, heiter det.

Illustrerer dramatikken

For å illustrere dramatikken heiter det frå trioen at Fjord kommune vil tape 21 millionar årleg, Rauma 16,5 millionar og Torves heimkommune, Sunndal, 29 millionar. Vidare at kraftkommunane vil tape betydelege summar eigedomsskatt dersom endringane vert gjennomført. Når det gjeld fylkeskommunane, fekk dei ifølgje meldinga konsesjonskraft til ein verdi av 346 millionar kroner i 2017.

– Viktige inntekter som kjem innbyggarane til gode gjennom betre tenester, heiter det frå dei tre ordførarane, som varslar at dette ikkje er noko dei har tenkt å finne seg i.

– Brot på hundreårig samfunnskontakt

– Forslaget er eit alvorleg brot på den hundreårige samfunnskontrakten mellom lokalsamfunn og storsamfunnet. Konsesjonslovgjevinga har sikra vertskommunane for vasskraftutbygging ein rettmessig del av dei verdiane vasskrafta representerer. Dette prinsippet vert med utvalet sine tilrådingar sett til sides når dei no foreslår at store delar av vasskraftverdiane skal gå til staten, seier Hove, Wold og Torve.

– Vertskommunane vert ribba. Inngrepa som er gjort i vår natur, er evigvarande, og det bør også kompensasjonsordningane vere. Noreg treng meir fornybar energi, og det ligg eit stort potensial i å nytte vasskrafta betre gjennom modernisering av eksisterande kraftverk. Med tilrådinga som no ligg føre, er det lite som tyder på at kraftselskapa vil investere for å utnytte vasskrafta betre. Det hevdar Energi Norge som representerer kraftbransjen. Dei meiner Kraftskatteutvalet si tilråding manglar incentiv for slike investeringar, heiter det vidare.

Dei tre ordførarane varslar at dei alt har tatt kontakt med stortingsrepresentantane sine, og lovar å følgje dette opp med nye kontaktar og møte.


Kraftkommuner kan miste 3 milliarder i direkteinntekter

Et ekspertutvalg går inn for å avvikle spesialordningene som gir kommuner direkte skatteinntekter fra vannkraft. Sentralisering av verste sort, mener Sp.