Eva Vinje Aurdal om språkprisen:

– Ei påminning til dei som vil ha omkamp

– Det er deira eiga regjering som gir oss denne prisen og det er deira eiga regjering som nyleg har lagt fram forslag om ny språklov, er beskjeden frå Eva Vinje Aurdal til Høgre og Frp som vil ha omkamp om nye Ålesund som nynorskkommune.

I Oslo: Ålesund-ordfører Eva Vinje Aurdal meiner prisen som årets nynorsk kommune er ei påminning til dei som vil ha omkamp om språket i den nye kommunen.  Foto: Geir Strand

Nyheter

Skrytet sat laust då nye Ålesund fekk prisen som «Årets nynorskkommune». Språkrådet, KS og kulturminister Trine Skei Grande ga skryt til det politiske motet Ålesund-politikarane som står bak vedtak, har vist.