Strynefjellet:

Mørke tunnelar skal bli lysare

Det skal bli betre lys i Ospelitunnelen og Grasdalstunnelen på riksveg 15 over Strynefjellet. No har arbeidet starta. Det betyr ledebil og korte stengingar.

Nytt lys: Statens vegvesen skal oppgradere elanlegga i Grasdalstunnelen og Ospelitunnelen. Det betyr blant anna nytt og betre lys. (Arkivfoto)  Foto: Statens vegvesen

Nyheter

Mesta begynte på dette arbeidet måndag denne veka i Ospelitunnelen. Dette skal dei halde på med fram til 31. mai neste år.

Neste haust held dei fram med også å skifte ut lysarmaturen i Grasdalstunnelen. Her blir dei ferdige våren 2021.

Også leidningsnettet

Statens vegvesen opplyser at all lysarmatur i dei to tunnelane skal skiftast ut, det gjeld også leidningsnettet.

Dei skal også oppgradere høgspentkiosken.

Alt arbeid i tunnelane skal skje på dagtid, frå måndag til torsdag.

30 millionar kroner

Trafikken blir styrt gjennom tunnelen med ledebil medan det går føre seg arbeid. Det kan også bli korte stengingar på inntil 30 minutt.

Utbetringane i dei to tunnelane kjem på ca. 30 millionar kroner.