Dårleg ver på Nordvestlandet:

Fleire hurtigbåtruter og ferjesamband er innstilt

Hurtigbåtrute innstilt: Boreal sin hurtigbåt til kai i Ålesund. Arkivfoto: Sofie Svanes Flem. 

Nyheter

Rute 24 Ålesund-Nordøyane er igjen i drift.

Rute 23 Langevåg-Ålesund er framleis innstilt.

Også rute 39 Molde-Vestnes-Sekken er innstilt.

På ferjesambandet i rute 22 Brattvåg-Dryna-Fjørtofta-Harøya er det no normal drift.

Rute 1109, Måløy-Oldeide, i Nordfjord var også innstilt, vart det meldt tysdag morgon. Der er det no ordinær drift.

Strekninga mellom Geiranger og Langvatn ventast opna klokka 12, skriv vegvesenet. Den er planlagt nattestengt frå klokka 20.

Trollstigen er stengt. På sistnemnte vil det verte gjort ny vurdering onsdag klokka 9.

Nordgåande hurtigrute, MS «Richard With», tok ikkje sjansen på å krysse Stadhavet i morgontimane melder lokalavisa Fjordenes Tidende.

Dermed la dei seg til kai i Måløy, og reknar med å bli liggande her i fleire timar fram til klokka 13.00.

I morgontimane gjekk det heller ikkje ferje i sambandet Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona. Men her skal det no vere normal trafikk.

Har du tips eller bilde? Send det til oss i Sunnmørsposten: internett@smp.no eller tlfnr 95400400