Her blir det innbyggjarfest for nye Stad

Nye Stad kommune (Eid, Selje og Bryggja) er ein realitet frå nyttår. Det blir laurdag 26. oktober markert med ein stor fest i Operahuset på Nordfjordeid.

Nordfjordeid: Operahuset på Nordfjordeid.  Foto: Arkiv

Nyheter

Her blir det mellom anna underhaldning med Ytre Fjordane Brass og koret Frisk Bris frå Selje.

Smakebitar

Artistane Odd-Erik Lothe og Line Dybedal, som seinare på kvelden skal ha konsert i Operahuset, kjem også innom for å gje nokre smakebitar frå sitt program.

Lag og organisasjonar i Eid, Bryggja og Selje er inviterte til å presentere seg. Dei får tilhald i foajeen.

Barnekino

På programmet står også gratis barnekino og kakefest.

Dessutan er alle politikarane i nye Stad kommune inviterte slik at dei kan få møte folk som bur i den nye kommunen.