Fylkesplansjef med FN-jobb

Ny jobb: Fylkesplansjef Ole Helge Haugen.  Foto: Johan Behrentz

Nyheter

Sist veke vart Møre og Romsdal første norske fylkeskommune i FN sitt berekraftprogram U4SSC.

Fylkesplansjef Ole Helge Haugen skal leie dette arbeidet for fylkeskommunen, og frå 1. november fram til utgangen av 2020, går han over i ei stilling som spesialrådgivar for fylkesrådmannen, opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding onsdag.


Kommentar:

Språkdrakta som brukes for å beskrive prosjektet ligger milevis utenfor ordbruken folk flest bruker

Jeg bor i en smart by, i et smart fylke og i lomma har jeg en smart telefon. Hvor smart er det smart å bli?


Regjeringa har bestemt at FN sine berekraftmål skal vere det politiske hovudsporet for å ta tak i våre største utfordringar. Derfor er det no krav om at berekraftmåla blir ein del av grunnlaget for samfunns- og arealplanlegginga. Satsinga Haugen skal leie for fylkeskommunen tek sikte på å bidra til at fylkeskommunen og kommunane i Møre og Romsdal kan levere på dette.


Hun blir koordinator for byutviklingsprosjekt i nye Ålesund

Jannike Amdam Helland får overordna ansvar for de mange prosjektene i kommunen som får støtte gjennom fylkeskommunens program «Byen som regional motor».


– Dette er eit spennande og viktig utviklingsarbeid som eg gler meg til å ta fatt på. Med FN sitt berekraftprogram får vi utvikle metodikk og verktøy for god og heilskapleg samfunns- og arealplanlegging. Vi startar no i første omgong med byane, og tek sikte på å inkludere alle kommunane etterkvart, seier Haugen.