Globalskolen slåst for statsstøtta

Regjeringa vil kutte i støtta til den Volda-baserte Globalskolen for norske barn i utlandet. Skolen tar opp kampen. Dei vann sist regjeringa ville kutte.

På Volda-besøk: I dag betalar føresette 2000 kroner per skuleår for kvar elev. Om skulen i sin heilheit skulle vore betalt av føresette, ville prisen kome på 15.800 kroner i året, opplysar rektor Lilli Brenne Røv (til høgre i bildet). Ved sidan av ho står Ingvill Aasen Mcintyre med borna Magnus og Stella.   Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Magnus og Stella Aasen McIntyre bur saman med foreldra sine i London. Dei går på engelsk skole, men får 1,5 til 2 timar norsk undervisning i tre fag gjennom Globalskolen. Det er ein nettbasert skule for norske barn i utlandet, der elevane blant anna får tilbakemeldingar får læraren på video.