Sambandet Leknes-Sæbø:

Passasjerbåt for ferje

Ferjesamband med tekniske problem onsdag morgon.

Illustrasjonsfoto 

Nyheter

I rute 12, Leknes-Sæbø, vart det meldt om tekniske problem onsdag. Ferjesambandet er derfor innstilt, opplyste Fjord1 i ei trafikkmelding tidleg onsdag morgon.

Frå klokka 07.15 vart det sett inn passasjerbåt i ruta. Denne tok ikkje køyrety.

Oppdatert: Det vart ifølge Fjord1 normal drift i ferjesambandet frå klokka 08.45.