Her satsar dei på do

Nok do, og reine do. Det er viktig om ein vil satse på turisme, seier ordførar Stein Aam i Ørsta. Kommunen har sett opp fem do, og fire til er under planlegging.

Ørsta: Stein Aam ved doet som er bygd ved badeplassen på Ose.   Foto: Terje Engås

Nyheter

– Eg applauderer når Sunnmøre regionråd og Katrin Blomvik i verdsarvstiftinga seier at Sunnmøre treng ein do-plan. I Ørsta er vi allereie i forkant, og har sett opp fleire slike servicebygg i det siste, seier Stein Aam (Sp), og tek oss med til badeplassen på Ose.