– Alle skulle ha hatt ein onkel Richard

Historia til Christoffer og onkel Richard gjer inntrykk på mange. Ungdomskoordinator i konfliktrådet, Solgunn Gjerde, seier Richard har vore heilt avgjerande for onkelguten.

Koordinerer: Solgunn Gjerde er ungdomskoordinator i konfliktrådet i Møre og Romsdal. Ho har god erfaring med straffereaksjonane ungdomsoppfølging og ungdomsstraff, som vart innført for fem år sidan.  Foto: Linda Eikrem

Nyheter

(Vikebladet.no): – Eg brukar å seie at alle ungdomar skulle ha hatt ein onkel Richard. Det er veldig kjekt å sjå at nokon i det private nettverket kan ha ei så avgjerande og viktig rolle. Du veit, i det offentlege nettverket er det fort skifte av personar, relasjonane i det private nettverket er der heile tida, seier Gjerde.