Nye Ålesund og Høgskulen i Volda med ny avtale

Den nye storkommunen og høgskulen skal samarbeide om betre samfunnsplanlegging. FNs berekraftsmål skal vere førande for alle nye planar.

Astrid Eidsvik og Johann Roppen har signert avtale om samarbeid, på vegner av nye Ålesund kommune og Høgskulen i Volda  Foto: Nye Ålesund kommune.

Nyheter

– Ålesund og Volda utfyllar kvarandre når det gjeld kva slags studietilbod vi tilbyr, seier Volda-rektor Johann Roppen til Sunnmørsposten.

Høgskulen i Volda skal bidra i prestisjeprosjektet nye Ålesund er ein del av: FNs framtidslab «United for Smart and Sustainable Cities» (sameint for smarte og berekraftige byar).

– Studentane innanfor samfunnsplanlegging er sjølvskrivne her, seier Roppen.

– Men også andre avdelingar, som til dømes mediefag er aktuelle. For dette er også eit stort kommunikasjonsprosjekt.


Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda:

Høgskulen føler mindre press om samanslåing

Presset frå departementet om at Høgskulen i Volda må slå seg saman med andre skular har avtatt etter at Iselin Nybø (V) hamna i statsrådstolen.


Glad for å få med høgskulen

Rådmann Astrid Eidsvik er nøgd med at høgskulen vil inngå som partnar i FN-prosjektet som er forkorta U4SSC.


FN-pris til nye Ålesund

Ålesund tildelt FN-pris for arbeidet med å bli ein smart og berekraftig by.


«Vi i kommunane må få meir kunnskap om kva tiltak som har effekt for å kunne sette inn ressursane våre på best mogeleg måte», seier ho i ei pressemelding frå nye Ålesund kommune.

Er med vidare: Astrid Eidsvik er prosjektleiar for nye Ålesund kommune. Frå 1. 1. 2019 vert ho rådmann i kommunen.  Foto: Nils Harald Ånstad

Skal samarbeide med NTNU Ålesund

Rektor Johann Roppen fortel i pressemeldinga at høgskulen vil få arbeidsplass i lokala til Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK). Han understrekar Ålesund si betydning i regionen:

«Høgskulen i Volda er glade for at denne viktige avtalen er på plass. Mange av studentane vil jobbe i kommunar etter utdanninga. Ålesund kommune er ein svært sentral aktør i regional utvikling i Møre og Romsdal og difor ein spennande samarbeidspart.»

Ålesund kommune, Høgskulen i Volda og NTNU har i haust samarbeidd om å søke Forskingsrådet om midlar til å starte eit forskingsprosjekt om smart samfunnsplanlegging.

Johann Roppen har vore rektor ved Høgskulen i Volda sidan august 2015. 

– Kva vil du seie til dei som meiner at dette kan vere eit første steg mot samanslåing mellom NTNU og Høgskulen i Volda?

Det synest eg vert rart å seie. Det er i såfall snarare eit steg mot samanslåing med Ålesund kommune.


Roppen tidleg ute

Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda, var på skuleopning i Molde måndag. Han var den einaste som møtte opp.